Stordkonferansen 2024

Stordkonferansen 2024
torsdag 06. juni
09:00 - 22:00
Sted
Stord Hotell
Pris
Konferanse og kveldsarrangement med middag 4 990 kr
Konferanse - Berre dag 4 190 kr
Gruppe konferanse og kveldsarrangement med middag 4 490 kr
Gruppe konferanse - Berre dag 3 690 kr
Grupperabatt ved 3 eller fleire deltakarar frå same verksemd. Avbestilling etter 23. mai vert fakturert med kr 500,- Avbestilling etter 31. mai vert fakturert fullt ut.
Påmelding
Påmeldingsfrist: 31.05.2024
Meld meg på

Stordkonferansen 2024

Energiindustrien i ei urolege tid!
Vi lever i urolege tider. Noko er nært, andre ting skjer ute i verda. Men verda har aldri vore mindre enn no. Hendingar påverkar transport og etterspurnad, kostnadar og energipris. Blir Trump president i USA? Blir Stavanger hovudstad på vestlandet? Vil rentene gå opp eller ned? Er det grøne skiftet truga av uroa? Dette og mykje anna får du høyre meir om på Stordkonferansen 6. juni!

Dagen vert leia av journalistar, musikarar og forfattarar Halvor Folgerø og Finn Tokvam. Dei vil ta oss gjennom dagen med både ord og tonar, samt stille gode spørsmål til våre dyktige innleiarar.

Det vi lever av
Vi har beina godt grunnfesta i den industriarven regionen vår er kjent for. Rett kvalitet til rett tid, omstilling og utvikling er kjende omgrep for stordabuen. Vi veit kva vi lever av, kva som tilfører kapital og kva som gir verdiskaping. Konserndirektør Sturla Magnus i Aker Solution vil fortelje om korleis dei ser på notid og framtid.
Frå Stord kommune kjem ordførar Sigbjørn Framnes og kommunedirektør Tommy Johansen for å dele tankar om utfordringar, moglegheiter og korleis kommunen kan legge til rette for næringslivet.

Ei øy på vestlandet
Vi er stolte av øya vår! Samtidig har vi utfordringar med ferjer, tunellar og vegar som ikkje er i god nok stand. Store samferdsleprosjekt er anten i gang eller i spel. Blir Stavanger hovudstaden på vestlandet når Rogfast opnar om 9 år? Korleis blir næringslivet på vestlandet påverka av desse endringane? Harald Minge i Næringsforeningen i Stavanger-regionen står klar til å ta i mot Sunnhordlendingane.
Vestlandsindeksen peikar på nokre trendar og Mari Aamo Pedersen i Sparebanken Vest vil fortelje oss kva dette viser. Vi får og siste nytt om kva renteutsikter dei ser framover og korleis dette vil verke inn på næringsliv og privatøkonomi.

Ei uoversikteleg verd
Vi løftar blikket til dei store utfordringane i verda. Vi får høyre meir om korleis krig og store konfliktar påverkar alt frå storpolitikk til vedtak i styrerom på Stord. USA er joker i verda. Hilmar Mjelde er professor i statsvitskap i Høgskulen på Vestlandet. Han kjem med oppdateringar frå kva som skjer i USA fram mot presidentvalet til hausten. Blir Trump president igjen? Og kva vil det bety for oss?

Det grøne skiftet – framtida er no!
Korleis ligg vi an i det grøne skiftet? Prosjektleiar Heidi Synnøve Gaustad i Grøn Region Vestland vil gi oss ein statusrapport. Det er identifisert 16 grøne hubbar i Vestland der tilhøve ligg til rette for vidare utvikling. Ein av desse er Stord Transition Hub, som skal binde saman leverandørindustri og nye næringar.
Katapulten Sustainable Energy har testsenteret Energy House. Her kjem aktørar frå heile verda for å finne ut korleis ulike drivstofftypar med lågt utslepp verkar i praksis. Linn Therese Erve, direktør for forretningsutvikling og samfunnskontakt i Sustainable Energy, har med seg Amogy som testar ut korleis ammoniakk kan vere ei framtidsretta løysing.