Sjå PDF lenkje til foredrag (fleire kjem etter kvart) under tittel til kvar foredragshaldar.

"Stordkonferansen: 9 juni 2016

ME RIGGAR OSS FOR FRAMTIDA

Vår leverandørindustri er inne i ein krevjande, men viktig fase der kostnadskutt, effektivisering og omstilling er ein del av kvardagen.

Årets konferanse har tema som rettar seg både mot leveransar til norsk sokkel og korleis norsk sokkel kan optimaliserast, samstundes som me vender blikket mot nye forretningsområder.

Vår leverandørindustri har dei siste 50 åra vist ei enorm omstillingsevne, der forretningsteft og evne til å sjå etter nye muligheiter har sikra ein posisjon og kompetanse i verdsklasse. No er tida inne for å både styrka vår konkurranseevne i eksisterande verksemd, men samstundes utvikla vidare kompetanse og teknologi for å finna nye forretningsområder. Det grøne skiftet og endring i energimiks representerer spanande muligheiter som me ser at fleire verksemder i regionen har grepe fatt i. Dette har også gitt næringsakørane i vår region eit stempel og ei anerkjenning som eit nasjonalt ekspertsenter.

Vignetten for Stordkonferansen 2016 er bygd på arbeidsteikningane til den gamle Goliat-krana til Kværner Stord. Eit symbol på at framtida er tufta på arbeid lagt ned gjennom mange tiår.  

Når me riggar oss for framtida er det med vissheten om at leverandørindustrien evnar å snu seg mot nye marknader, og utvikle nye produkt. Og ikkje minst evnar å gjennomføre store prosjekt til avtalt tid og pris."

 

harry herstad

Harry Herstad – Ordførar Stord Kommune

Ordføraren i Stord kommune heiter Harry Herstad. Han representerer Arbeidarpartiet og har hatt ordførarvervet sidan oktober 2015.

Orføraren ønskjer velkommen til Stord og Stordkonferansen!

 

 


 asbjorn slettemarkAsbjørn Slettemark – Konferansier

Asbjørn Slettemark er musikkjournalist, filmanmelder og programleiar for mellom anna TV-programmet Lydverket.  Slettemark vaks opp på Husnes, og held godt på Sunnhordlandsdialekten.

Asbjørn Slettemark er konferansier på Stordkonferansen 2016. 

 


bente nyland

Bente Nyland – Oljedirektør

Foredrag 2016: Last ned [PDF]

Bente Nyland vart utnevnt til oljedirektør i 2007. Nyland er utdanna Cand.scient – Geologi frå UiO, og starta si karriere som leitegeolog i Statoil, kor ho var tilsett i fem år. Ho begynte i Oljedirektoratet i 1989 som seniorgeolog, og fekk si første leiarstilling der i 1994. Sidan 2000 har Nyland vore del av OD si leiargruppe.  Nyland har hatt ei rekke styreverv, blant anna i Norges geotekniske institutt (NGI), Institutt for energiteknikk (IFE), Universitetsfondet for Rogaland og Universitetet i Stavanger.

 


rune t almaas

Rune T. Almås – Dagleg leiar i AS Stordbase

Foredrag 2016: Last ned [PDF]

Rune T Almås har vore tilsett ved AS Stordbase sidan 2003, dei siste 12 åra som dagleg leiar. Almås er utdanna innafor transport og logistikk ved Høgskulen i Molde, i tillegg til informatikk ved HSH. Før han kom til AS Stordbase hadde han ulike stillingar i Bergen Rørhandel og Stavanger Rørhandel i 10 år, samt vore kontorleiar for NCC Anlegg i region Vest i 5 år..


 vegard frihammerVegard Frihammer – Leiar for Renewable energy Christian Michelsen Research sidan 2013. Initiativtakar og leiar av Green Stat AS som vart etablert våren 2014.

Foredrag 2016: Last ned [PDF]

Utdanna ved The University of Western Australia.
Oppvaksen på Stord og bakgrunn som elektrikar frå offshoreindustrien på Stord, og seinare som automasjonsingeniør i fleire offshoreprosjekt.


 steinar rogenesSteinar Røgenes - Administrerande direktør Kværner Stord

Foredrag 2016: Last ned [PDF]

Steinar Røgenes er utdanna økonom ved Brigham Young University. Han har jobba i verksemder i Aker-gruppa i meir enn 20 år, og kom frå stillinga som leiar for Aker Solutions sitt kontor i Bergen til direktørjobben på Kværner Stord i 2013. Stillinga innebere også ansvar for forretningsområdet «Contractors Norway».


 lars solbergLars Solberg – Administrerande direktør Apply Leirvik

Foredrag 2016, óg med Kjell Arne Halleraker: Last ned [PDF]

Lars Solberg er utdanna sivilingeniør innan skipsteknikk ved NTH i 1979. Solberg har sida 2011 vore tilsett ved Apply Leirvik som administrerande direktør.  Solberg kom til Apply frå Aker systemet kor han har mange års fartstid, blant anna som administrerande direktør ved Aker Stord. Lars Solberg har lang internasjonal erfaring innan feltutviklingsprosjekt i ulike land. Solberg er også styreleiar i Atheno, næringsutviklingsselskapet i Sunnhordland.

 


linn cecilie moholt

Linn Cecilie Moholt – Administrerande direktør Karsten Moholt AS

Foredrag 2016: Last ned [PDF]

Linn Cecilie Moholt er administrerande direktør i Karsten Moholt AS, og ho har leia selskapet sida 2009. Ho er utdanna elkraftingeniør frå NTNU.
Moholt er også nestleiar i stiftinga Maritimt Forum Bergensregionen, og ho er svært engasjert i utviklinga av næringslivet på Vestlandet.

 

 


torger roed

Torger Rød – Direktør for prosjektutvikling i Statoil

Torger Rød har ein mastergrad i industriell økonomi frå NTNU. Rød har mange års erfaring med store, komplekse prosjekt i ei global olje- og gassnæring. Han har jobba i Statoil sidan 1998 og er i dag direktør for prosjektutvikling. Rød har hatt mange ulike leiarstillingar som ansvarleg for Subsea, prosjektdirektør Shtokman offshore-prosjektet i Russland, Leismer-prosjektet i Canada og leiar for ferdigstilling av prosessanlegget på Snøhvit LNG.

 


willie waagen

Willie Wågen –  Direktør
Market Innovation, Wärtsilä Marine Solutions

Foredrag 2016: Last ned [PDF]

Willie Wågen er i dag leiar for Wärtsilä si globale innovasjonssatsing. Han har vore tilsett i Wärtsilä sida 2006 og har leia konseptutvikling og innovasjon innafor skipsteknologi. Før det kom han frå Aker Solutions. Han har erfaring fra ulike leiarstillingar innenfor internasjonal prosjektleiing,  forskning, utvikling og strategiutvikling.
Willie er utdanna ingeniør ved Høgskulen i Bergen og har ein mastergrad i kraftelektronikk frå Høgskulen i Narvik. Willie vaks opp og bur på Stord.

 


staale kyllingstad

Ståle Kyllingstad – Konsernsjef IKM

Foredrag 2016: Last ned [PDF]

Ståle Kyllingstad starta som «olje-gründer» 28 år gamal, og er i dag konsernsjef i leverandørselskapet IKM som han har bygd opp på Sola. Konsernet hadde ei omsetning i 2014 på om lag 4,5 milliardar kroner og består av 40 selskap som leverer ei rekke produkt og tenester til oljeindustrien.
Kyllingstad er utdanna petroleumsingeniør.  Han er kjent for både å vera frisk i uttalen, samfunnsengasjert og kritisk til eigen bransje, noko han også hausta Siddisprisen for i 2015.

 

Banner 2016, levert av http://www.spinaecompany.com/