Sjå lenkje til foredrag under namnet til kvar foredragshaldar.

Bærekraft + Konkurransekraft = Sant

Stordkonferansen 7. juni er den 18. i rekka og vert arrangert på Stord Hotell.

Til sommaren vil Statoil sine prosjekt på Stord visa godt igjen i landskapet.

Johan Sverdrup utstyrs- og boligplattform, oppgradering av Njord plattforma, samanstilling og ferdiggjering av Aasta Hansteen og Hywind Scotland Pilot Park,  vil alle vera synlege bevis på at norsk leverandørindustri er både konkurransedyktig og evner å omstilla seg til nye marknader!

Stordkonferansen vil igjen retta seg mot leveransar til norsk sokkel, samstundes som nye markander og moglegheiter for industrien vert sett på dagsorden.

Med 50 nye år på norsk sokkel må me rette merksemda mot dei unge som skal velja industrien som sin arbeidsplass. Elevar frå vidaregåande skular er derfor invitert med til første delen av Stordkonferansen 7. juni.

Bærekraft og konkurransekraft må gå hand i hand. Teknologisk utvikling vert «trigga» av behovet for meir kostnadseffektive og bærekraftige løysingar, og ny teknologi utfordrar eksisterande arbeidsoperasjonar og gjer moglegheiter i nye marknader.

Me ser gode eksempel på miljøteknologi, utvikla og tatt i bruk av industrien i tett samarbeid med det offentlege som krevjande kunde.

Eit av norsk leverandørindustri sine fortrinn er evnen til tett samarbeid med kunden og underleverandørar, og den korte vegen frå beslutning til gjennomføring i organisasjonane. Den norske modellen skal fortsetja gje bærekraft og konkurransekraft til norsk leverandørindustri i ei tid der omstilling vert viktigare enn nokon sinne.

Norsk leverandørindustri må arbeida for alltid å vêre del av løysinga - ikkje del av problemet!

Velkommen til Stordkonferansen 2017!

fredrik steen

Dagens konferansier – Fredrik Steen – «Ser skarpt igjen»

Fredrik Steen har bakgrunn frå NRK radio som programleiar og reportar, men var rask å hekta seg på Standup-miljøet som vart etablert i Oslo på 90-tallet. Med revyfiguren «Hildegunn Moltubakk» og stemmen i Kidreklamen «Steikje fine gardine!», har dei fleste stifta kjennskap med 47-åringen frå Ulsteinvik. Den rappkjefta Sunnmøringen vil også setja sitt preg på Sommarrevyen Fitjar i år! Med sitt nye soloshow «Ser skarpt igjen» vil Fredrik Steen seia det slik det er; Livet er tøft, bli vant til det!

 

torger roedTorger Rød – Direktør for prosjektutvikling Statoil

Last ned foredrag

Torger Rød har ein mastergrad i industriell økonomi frå NTNU. Rød har mange års erfaring med store, komplekse prosjekt i ei global olje- og gassnæring. Han har jobba i Statoil sidan 1998 og er i dag direktør for prosjektutvikling. Rød har hatt mange ulike leiarstillingar som ansvarleg for Subsea, prosjektdirektør Shtokman offshore-prosjektet i Russland, Leismer-prosjektet i Canada og leiar for ferdigstilling av prosessanlegget på Snøhvit.

 

kjersti hauglandKjersti Haugland – Sjeføkonom DNB Markets

Last ned foredrag

Kjersti Haugland er sjeføkonom i DNB Markets. Ho har tidlegare jobba i DNB sitt analyseteam som seniorøkonom med norsk og svensk økonomi som spesialfelt. Haugland har sju års arbeidserfaring frå Norges Bank der ho jobba både med pengepolitikk og med finansiell stabilitet. Då ho blei tilsett som DNB sin sjeføkonom 1. mars 2017, kom ho frå stillinga som assisterande direktør i eininga for politikk og analyse i Norges Bank Pengepolitikk. Haugaland er utdanna samfunnsøkonom med mastergrad frå NHH og Universitet Pompeu Fabra i Barcelona.

 

jan arne hauganJan Arve Haugan – Konsernsjef Kværner

Last ned foredag

Jan Arve Haugan har vore konsernsjef i Kværner sidan 2011. Haugan starta sin karriere i F. Selmer (no Skanska), før han i 1991 starta som sjefsingeniør i Norsk Hydro. Her hadde han ulike leiande stillingar i olje- og gassprosjekt og operasjoner, og seinare også innan aluminium med internasjonalt fokus. Haugan har økonomi- og ingeniørfagleg utdanning frå Universitetet i Colorado Boulder i USA.

 

katrine haram olsenKatrine Haram Olsen – Prosjektmedarbeidar #Den Nye Oljen!

Kva er «den nye oljen»? Norsk olje og gass har gitt fem studenter eit år for å stilla dei store spørsmåla rundt energi, velferd, klima og teknologi. Kva skal me gjera for å sikra den energien verda treng og oppretthalde den velferda me har? Katrine er student ved lektorprogrammet, Kjemi-biologi UiO, og ho har ein Bachelor i molekylærbiologi.

 

 

silje vallestadSilje Vallestad – Roboten kommer!

Silje Vallestad er gründer av to profilerte selskap og har vunne fleire priser innan innovasjon og leiing. Ho er utnemnt til Young Global Leader av World Economic Forum og kåra som ein av Nordens 20 fremste businesstenkjarar av Nordic Business Forum.

Foredraget «Roboten kommer»  tek pulsen på robotar i dag, og ser på utfordringar og muligheiter som ligg framføre oss..

 

rolf kristian stave nysteinRolf Kristian Stave Nystein – VP Supply Chain Management AkerBP

Rolf Kristian Stave Nystein har vore tilsett i BP Norge sidan 2013, og gjekk inn i stillinga som Vice President Supply chain Manager i AkerBP ASA i 2016. Tidlegare bakgrunn har han frå mellom anna PwC og Laerdal Medical AS.

 

 

 

ingrid sara grimstad

Ingrid Sara Grimstad Amundsgård – EVP Business Development

Last ned foredrag

Ingrid Sara starta hos Beergenberg i 2016. Før det har ho mellom anna jobba som kommunikasjonsansvarleg for Nyhamna Expansjon Prosjektet for AS Norske Shell. Ho har leia Navitas, ei stifting som jobba med heile spekteret i norsk petroleumsindustri med fokus i å gjer kontraktar og tilbodsmuligheiter meir tilgjengeleg for leverandørindustrien. Ho har ein Mastergrad i internasjonal markedsføring og finans fra ESADE, Spania, og ein i ledelse fra Handelshøyskolen BI.

 

bernt hollesoeBernt Hellesøe – Gründer/styreleiar Unitech

Hellesøe er gründer, og har starta og drifta verksemder innafor oljerelatert industri i inn- og utland. Hovudkontoret til Unitech ligg i Bergen, men verksemda vil no investera stort i Sunnhordland. Omstilling mot nye marknader, med utganspunkt i offshorekompetansen, er oppskrifta Bernt Hellesøe har trua på.

 

 

liv kari eskelandLiv Kari Eskeland – Prosjektdirektør Unitech

Tidlegare Stordordførar Liv Kari Eskeland er tilsett som prosjektdirektør hos Unitech og er sentral i verksemda si satsing i Sunnhordland. Eskeland er utdanna sivilarkitekt, og har lang erfaring frå boligmodulmarknaden.

 

 

 

leif delp

Leif Delp – Prosjektdirektør Hywind Pilotpark Statoil

Last ned foredrag

Leif Delp er prosjektdirektør i Statoil med ansvar for Hywind Pilotpark som no er under samanstilling på Stord. Delp har vore i Statoil sida 2007 med prosjektansvar i fleire prosjekt, mellom anna Mariner Jacket EPC prosjekt i Cadiz, Spania. Leif Delp er utdanna strukturingeniør ved NTNU.

 

 

torleif stokkeTorleif Stokke – administrerande direktør Servogear

Torleif Stokke har vore i Servogear sidan 2011, og tok over jobben som administrerande direktør i 2013. Han har fagbrev i mekaniske fag og ingeniørutdanning. Han har arbeidserfaring frå ulike stillingar i verksemder på Bømlo – alt innanfor maritim industri – over og under vann.

 

 

Banner 2017 levert av http://spinaecompany.com