Stordkonferansen 7. juni 2018

Kompetanse og Arbeidsplassar!

Den 19. Stordkonferansen vert arrangert torsdag 7. juni på Stord Hotell.

Med utgangspunkt i leverandørane til olje- og gass industrien vil Stordkonferansen i år ha eit sterkare fokus på kva posisjon industrien i regionen skal ta i framtida.

Korleis bruka og vidareutvikle kompetansen? Kor kjem veksten i arbeidsplassar i framtida? Torger Reve, professor i strategi og industriell konkurranseevne ved Handelshøyskolen BI har med seg ein fersk rapport til Stordkonferansen 7. juni.

Mange verksemder har lykkast godt med å finna nye marknader, og me ser at rammevilkår og tilrettelegging for eit grønt skifte er ein viktig føresetnad for  dette. Det grøne skifte er både ein evolusjon og revolusjon. Men heilt avgjerande er det at at me skal bygga vidare på den kompetansen me har i dag for å skapa dei nye jobbane.

Kontinuerleg fokus på smartare arbeidsmetodar, bruk av digitale verktøy, og ikkje minst dei unge sin medverknad til fornying av industrien slik at meir arbeid kan utførast i Norge.

På Stordkonferansen 7. juni vil du møta ein leverandørindustri som er godt rusta for dei neste åra, og som er open for at kompetanse og arbeidsplassar skal utviklast for framtida saman med samfunnet rundt.

 

Gaute Epland

Ordførar Stord kommune

Gaute Epland har vore ordførar i Stord kommune sida sommaren 2017, og har på kort tid markert seg som ein ordførar med vilje og evne til beste for næringslivet og Stordsamfunnet.

 

 

 

siren sundland

Dagens konferansier – Siren Sundland – Konserndirektør Sparebanken Vest – Operasjonelle Tjenester

Siren Sundland har vore tilsett i Sparebanken Vest sidan 2007, som konserndirektør Marknad, Kommunikasjon, Samfunnsansvar og HR. Frå 2015 som konserndirektør Operasjonelle tjenester. Ho har bakgrunn frå merkevareleiing og strategisk kommunikasjon i ei rekke bedrifter på Vestlandet, og brei erfaring frå ulike fagmiljø som Kunsthøgskolen i Bergen, NRK og Bergens Tidende. Styreleiar ved Den Nationale Scene og Advisory Board NHH. Siren er utdanna cand.philol. frå UiB med hovudfag i nordisk litteratur og Executive MBA i Økonomisk styring og leiing frå NHH.

 

ingvil smines

Ingvil Smines Tybring-Gjedde – Statssekretær Olje- og energidepartementet

Last ned foredrag

Ingvil Smines Tybring-Gjedde er statssekretær for Statsråd Terje Søviknes (Frp) og var også statssekretær for tidlegare Statsråd Tord Lien (Frp).

 

 

 

torger roedTorger Rød – Direktør for prosjektutvikling Statoil

Last ned foredrag

Torger Rød har ein mastergrad i industriell økonomi frå NTNU. Rød har mange års erfaring med store, komplekse prosjekt i ei global olje- og gassnæring. Han har jobba i Statoil sidan 1998 og er i dag direktør for prosjektutvikling. Rød har hatt mange ulike leiarstillingar som ansvarleg for Subsea, prosjektdirektør Shtokman offshore-prosjektet i Russland, Leismer-prosjektet i Canada og leiar for ferdigstilling av prosessanlegget på Snøhvit.

 

torger reveTorger Reve - Professor ved BI, Institutt for strategi og industriell konkurranseevne

Last ned foredrag

Torger Reve er professor i strategi og industriell konkurranseevne ved Handelshøyskolen BI, der han også var rektor frå 1997 til 2005. Reve var rektor ved NHH i Bergen frå 1984 til 1997, og administrerande direktør ved Stiftinga for Samfunns- og Næringslivforskning frå 1995 til 1997. Han er utdanna ved Kellogg School of Management, Gustavus Adolphus College og tok sin doktorgrad ved Northwestern University i USA.

 

arne eik

Arne Eik, leiar for Business Development offshore wind, New Energy Solutions(NES) i Equinor

Last ned foredrag

Arne Eik har vore leiar for Business Development offshore wind (Hywind) sidan mai 2017. Dette er del av New Energy Solutions (NES) i Statoil. Eik var ansvarleg for klimapolitikk og markedsanalyser i Statoil frå desember 2011 fram til leiarjobben i offshore wind. Før det var han leiar i Point Carbon i 8 år.

 

simon nesse

Simon Næsse, Medlem Fylkestinget Rogaland fylkeskommune

Last ned foredrag

Simon Næsse er medlem av fylkestinget, fylkesutvalget og er leder av opplæringsutvalget. Simon er i permisjon frå Sjøfartsdirektoratet og har erfaring når det gjelder teknologi. Han er mellom anna styreleiar for MET Centre som jobbar med flytande energiteknologi.

 

jan kaare pedersen

Jan Kåre Pedersen, dagleg leiar Sunnhordland Naturgass AS

Last ned foredrag

Jan Kåre Pedersen kjøpte, saman med andre lokale investorar i 2016 ut leidningsnettet til SKL. Saman starta dei selskapet Sunnhordland Naturgass AS. Pedersen har sin bakgrunn som konsernsjef i Telenor og i Bravida, og som fagforeiningsleiar i el og it. Lokalt har han engasjert seg i Stord Handball og Trott fotball.

 

arne stenersen

Arne Stenersen, administrerande direktør Salt Ship Design

Arne Stenersen har leia Salt Ship Design sida oppstarten i 2012. Han har tidlegare leia Vik Sandvik AS og Wärtsilä Ship Design Norway. Stenersen har lang fartstid frå Aker Elektro, og var med over i Wärtsilä Automation Norway AS i 2007.

 

 

karl petter lokken

Karl-Petter Løken

Last ned foredrag

Karl-Petter Løken (51) er utdanna sivilingeniør fra NTNU i Trondheim. Siden 1991 har han hatt nøkkelstillinger innen olje- og gassindustrien i selskap som Statoil, Aker Solutions og Lundin Norway. I mange år var Løken parallelt med sin industrielle karriere også ein fotballspiller på toppnivå i Norge og endte opp med 36 A-landskamper. På fritida har han også vore ein populær ekspert-kommentator for NRK i forbindelse med fotballkamper. Løken er gift og har tre barn. Han tok over som sjef i Kværner 7. mai.

Løken blei godt kjent med Kværner og verftet på Stord da han i perioden 2011 til 2015 var Engineering Manager for utbyggingen av Lundin Norways Edvard Grieg-felt, der Kværner var hovedleverandør.

 

blank

Cato Esperø, salgsdirektør i Wärtsilä Norway

Last ned foredrag

 

 

 

 

elevar9kl

Elevane frå 9. Klasse ved Hillestveit

Dei var fyrste skule i piloten UngTekno som skal gjennomførast på 5 skular våren 2018. Gruppa frå Hillestveit har løyst ei oppgåve frå Unitech om korleis gjere oppdrettsanlegga sjølvforsynte med straum.

Arbeidet vert gjennomført i samarbeid med representantar frå Atheno og lokalt arbeids- og næringsliv.

 

 

9klasse stord ungdomsskule

Elevane frå 9. Klasse ved Stord ungdomsskule

UngTekno gruppa frå Stord ungdomsskule har løyst ei oppgåve frå Wärtsilä; Korleis kan hamna i Leirvik gjerast «grøn», utan ureining til sjø og luft frå båtar, hamneanlegg og bygningar, og slik at det vert ein attraktiv plass å bu!

 

 

 

Banner 2018 levert av spinaecompany.com