Stordkonferansen 2025

Me arrangerer Stordkonferansen for 25. gong - og me dryle te!

Jubileumskonferansen blir på Stord kulturhus, med vorspiel og festmiddag på Stord hotell. Gjennom dagen vil Selma Lønning Aarø leie oss i eit spennande og variert program. Undervegs får vi høyre om økonomisk uro i verda, industri som går godt, alt me får til her vest, at framtida er no og ikkje minst musikalske innslag!

«No e’ da heise»

Krig, tollmurar og ei energiomstilling som er sett på vent – det kan fort kjennast overveldande og «heise», som me seier på Stord. Men kva betyr eigentleg den urolege geopolitiske situasjonen for Noreg – og for oss her på Vestlandet? Første del av programmet tek for seg det som skjer ute i verda, og kva konsekvensar det får for norsk næringsliv, industri og arbeidsplassar. Me spør: Korleis ser ein aktiv norsk industripolitikk ut i ei verd prega av usikkerheit?
 

«Går da for putle?»

Kor er me, og kor går me? Det går så det grin i den lokale industrien og i store delar av næringslivet elles. Samstundes går det «putle» med fornybarsatsinga. Kva har me fått til og kvar går vegen vidare? Tiltakspakken Stortinget vedtok i 2020 har gitt aktivitet, men har han også bidratt til omstilling?
 

«Mellom bakkar og berg ut med havet»

I generasjonar har vestlendingen levd av havet. Men kva skal me leva av i framtida? Kva styrkar og moglegheiter finst her hjå oss – og korleis nyttar me dei til å byggja eit livskraftig og berekraftig Vestland? For å lukkast med omstillinga må me spela kvarandre gode, på tvers av bransjar, fagmiljø, kommunar og generasjonar. Det er saman me finn dei beste løysingane – og det er saman me byggjer framtida.
 

«Historier frå hi’ sio»

Kunstig intelligens og ny teknologi endrar spelereglane for både arbeidsliv og samfunn. Framtidas leiarar må navigera mellom innovasjon og inkludering, effektivitet og etikk. Samstundes er demokratiet og den gjensidige tilliten – våre viktigaste konkurransefortrinn – under press frå aukande polarisering og desinformasjon. Korleis ser framtidas arbeidsliv ut, og kva slags leiarskap er det behov for i framtidas næringsliv?

 

Stordkonferansen 2025

Stordkonferansen 2025
torsdag 12. juni
09:00 - 22:00
Sted
Stord Kulturhus
Pris
Konferanse og festmiddag 4 990 kr
Konferanse - Berre dag 3 990 kr
Gruppe konferanse og festmiddag 4 490 kr
Gruppe konferanse - Berre dag 2 990 kr
Meld på ein sjef - ta med ein U37 på kjøpet på konferansedagen 0 kr
Student/pensjonist - Berre dag 990 kr
Grupperabatt ved 3 eller fleire betalande deltakarar frå same verksemd. U37 "på kjøpet" gjeld berre på dagarrangementet. Avbestilling etter 23. mai vert fakturert med kr 1 000,-. Avbestilling etter 31. mai vert fakturert fullt ut.
Påmelding
Påmeldingsfrist: 08.06.2025
Meld meg på