Foredragshaldarar

Stordkonferansen byr på ei rekke gode foredragshaldarar frå næringsliv, samfunnsliv og akademia.

Nokre vi får sjå på scena
Selma Lønning Aarø

Selma Lønning Aarø

Konferansier - forfattar og spaltist

Ho debuterte med romanen Den endelige historien i 1995, som fekk Cappelens pris for beste debutroman. Sidan har ho gitt ut fleire romanar og barnebøker i ulike sjangrar.

Lønning Aarø sin roman, Vill ni åka mera? (2003), har blitt omtala som hennar gjennombrot som forfattar. Med denne romanen blei ho også nominert til Brageprisen. Aarø er omsett til engelsk, tysk, tyrkisk, tsjekkisk, polsk, dansk og nederlandsk.

Siste roman er "Felize Navidad", ein litt anleis juleroman som har fått gode kritikkar. "Feliz Navidad" er eit djupt gjenkjenneleg relasjonsdrama som balanserer humor med vonde emosjonelle undertonar.

Cecilie Myrseth

Cecilie Myrseth

Næringsminister
Åslaug Haga

Åslaug Haga

Fornybar Norge - Administrerende direktør
Pablo Barrera

Pablo Barrera

Haugaland Kraft - Konsernsjef
Kjetel Digre

Kjetel Digre

Aker Solutions - Chief Executive Officer
Ola Honningdal Grytten

Ola Honningdal Grytten

Norges Handelshøyskole - Professor
SKAAR

SKAAR

SKAAR er artistnamnet til singer-songwriter Hilde Skaar - frå Stord -, med imponerande 50 millionar streams på Spotify, åtte topp 40-singlar og ei rekkje prisnominasjonar.

Karrieren hennar starta før ho i det heile tatt hadde fått sagt til nokon at ho ønska å bli musikar. Ho vart oppdaga rett etter at ho hadde posta sin første coverlåt på YouTube, og sikra seg management og plateselskap.

Allereie med dei tidlegaste singlane – Higher Ground (2018), Turn of The Tide (2020) og 24 (2019) – vart SKAAR raskt etablert som Noregs mest spennande, nye talent. Debut-EP-en The Other Side of Waiting understreka den kunstneriske djupna i pop-appellen hennar. Ho heldt fram med å imponere med tre Topp 10 radiohits og endå fleire prisnominasjonar, inkludert «Årets nykommar» på P3 Gull, «Årets stjerneskot» på By:Larm, og «Årets artist» på NRJ Awards.

I april 2024 kom nettopp EP-en Mad Women, ein vidareføring av albumet Mad Woman (2023), som gav ho ein Spellemann for Årets låtskrivar.

Eirik Norman Hansen

Eirik Norman Hansen

Futurist og teknologioptimist

Aldri før har vi kunna gjere så mykje som det vi kan no.

Vi har fantastiske moglegheiter – men også mange utfordringar. Mange av desse kan løysast og endrast om vi berre tør å sjå forbi det opplagde og omfamne dei moglegheitene vi har.

Eirik Norman Hansen tek oss med på ei opplysande, tankevekkande og inspirerande reise inn i ei verd av fantastiske moglegheiter.
Eirik Norman Hansen er ein leiande futurist og teknologioptimist, som er kjend for sine innsiktsfulle foredrag om samfunnstrendar, teknologi, og digitalisering. Med bakgrunn som siviløkonom, master i teknologileiing og over 20 års leiarerfaring, belyser Eirik tydinga av teknologiske innovasjonar som kunstig intelligens, utvida røyndom (VR), robotikk, og digitalisering. Han er spesielt oppteken av kva utviklinga betyr for menneske, organisasjonar og samfunn, og korleis det vil påverke nettopp di bransje. Eirik vart kåra til Årets talar i 2018 og har vore nominert kvart år sidan. Han har ein eigen evne til å formidle komplekse tema på ein lettfatteleg måte, og med glimt i auget. Gjennom si rolle som undervisar ved Høyskolen Kristiania og forfattar av "Når juss møter AI", inspirerer og rettleier Eirik bedrifter i inn- og utland.

Knut Sandvik

Aker BP, Konserndirektør prosjekt

Sandvik har vore direktør for prosjekt i Aker BP sidan juli 2019. Han har over 30 års erfaring frå olje- og gassindustrien. Gjennom karrieren har Sandvik hatt fleire prosjekt- og leiarstillingar i Aker Solutions, mellom anna fire år som medlem av leiinga.

Sandvik er utdanna mekanisk offshoreingeniør frå Heriot-Watt University i Skottland.

Sigbjørn Framnes

Sigbjørn Framnes

Stord Kommune, ordførar
Hege Økland

Hege Økland

Hy2Gen Norge, CEO

Helge Gjøsæter

Leirvik AS, CEO
Astrid Kjellevold

Astrid Kjellevold

Atheno, Dagleg leiar