Nye Energiformer!

Kva blir framtidas energimiks? Kva moglegheiter har me innan havvind? Korleis kan sirkulærøkonomi verta eit konkurransefortrinn? Klarar me omstillinga?

På den viktigaste møteplassen for leverandørindustrien får du innsikt og inspirasjon!

I tillegg til å sikra nok mat, vert tilgangen på grøn energi den største utfordringa me menneske står ovafor i åra framover. Også i Noreg er energi eit sentralt tema, ikkje minst forsterka av den grufulle krigen i Ukraina. Høge straumprisar, elektrifisering, tilgang på nok kraft: Utfordringane er mange og komplekse – det betyr at også løysingane må verta samansette og heilskaplege.

På Stordkonferansen 16. juni vil me med utgangspunkt i leverandørindustrien sjå på nye energiformer, og korleis energi-mixen framover må verta for å lykkast.

Havvind vert eit sentralt tema på Stordkonferansen i år, og ikkje minst eit nytt energisystem og infrastruktur mellom hav og land. Zeeds, ABB og Norsk Havvind skal bidra til å synleggjere nye løysingar og nye eksportmoglegheiter for leverandørindustrien vår.

Me snakkar heile tida om verdien av samarbeid, og verdien av å ha ein heimemarknad. På Stordkonferansen vil me presentere konkrete eksempel på korleis samarbeid på Vestlandet har skapt arbeidsplassar og verdiskaping for vår regionen og for landet vårt.

På tampen av konferansedagen vil me få innsikt i sirkulærøkonomisk tankegang, en viktig faktor for å ta vare på . (Eit begrep som framleis er ukjent for mange, men som vil verta ein viktig faktor for å ta vare på ) ressursar, og løyse knappheit på råvarer og energi.

På Stordkonferansen 16. juni vil me spesielt ønskja velkommen dei som er 37 år eller yngre. Dette gjer me ved å utfordre bedriftene til å ta med ein «ung kollega», som vert premiert med 37% rabatt på deltakarprisen.

Vel møtt til Stordkonferansen 2022!